Hjem   /   BloggSkole   /   SMART i Vang kommune

SMART i Vang kommune


Vang kommune har over flere år jobbet tverrfaglig med SMART oppvekst. Styrkefokus, medvirkning, anerkjennelse, relasjonsfokus og trening er sentrale verdier og prinsipper en innarbeider på skolen, i barnehagene og blant andre som jobber med barn og unge.

Kristina Heensåsen er en stor SMART ildsjel på VANG barne- og ungdomsskole. Vangfolket og SMART oppvekst har samarbeidet tett gjennom deltagelse på SMART trenerutdanning, plandager og kurs i Vang med mer. Fantastisk å oppleve det engasjementet som utvikler seg. Det er som en snøball som har begynt å rulle og som legger på seg mer og mer etter hvert som den ruller. Kristina skriver her litt om hvordan hun får plass og rom til å være en inspirator. Her er mange gode tips og ideer til ledere og engasjerte SMART ildsjeler.

SMART arbeid på Vang barne- og ungdomsskule

Skuleåret starta med at eg fekk ein time av planleggingsdagen til SMART-arbeid. Eg valde å leike nokre smittevernvenlege leikar den fyrste dagen. «Tre ting og ein lygn» samt «Kva er forandra, partnar?». For å finne partnaren sin til «Kva er forandra, partnar?» fekk alle utdelt eit bilete av eit dyr. Dei tilsette måtte finne kvarandre ved å mime. Dei to som gjekk rundt og var kattar, vart då eit par. Ein fin og morosam måte å danne par på, der læraren styrer, men at det likevel vert tilfeldig.

Etter at vi hadde leika, gjekk vi inn for å sjå døme på korleis ein kan lage klassereglar på ein litt meir positiv måte. Vi jobba med «draumeklassa» i form av ein blomst. Det innerste i blomen var ei styrke, medan kronblada var kva ein skulle gjere når ein nytta denne styrken. I veldig mange klasserom finn ein no draumeklassa. Draumeklassa skal vere dynamisk, det vil seie at ein stadig kan leggje til blomer eller kronblad. Ein skal nytte draumeklassa aktivt slik at elevane stadig skal bli påminna på korleis dei sjølve er med på å bidra til at draumeklassa blir ein realitet. I samband med dette synte eg fram korleis ein kan ha styrkebaserte utviklingssamtalar. Eg lot meg inspirere av ein medstudent på SMART-kurset, og laga eit bilete av ei klasse, og lot lærarar skrive ned styrkene til ein av elevane på biletet. Målet er å få fram korleis eleven nytter sine styrer til at klassa kan oppnå draumeklassa.

No som skuleåret er godt i gang, og no som den nye læreplanen får mesteparten av fokuset, må ein nytte litt andre metodar for å halde SMART-fokuset varmt.

På tavla på lærarrommet heng no styrkekorta til både barne- og ungdomsskulen. Målet er å ha ei fokusstyrke kvar månad. Denne månaden er det samarbeid frå barneskuleplakaten og lagspelar frå ungdomsskuleplakaten. Dei til sette vart oppmoda til å skrive ned kva dei meinte var eit godt samarbeid eller ein god lagspelar. Tavla vaks etter kvart med fleire og fleire lappar, og fleire og fleire refleksjonar. Fint å lese medan ein tek seg ein kaffe.

For å inspirere kvarandre i SMART-arbeidet har eg laga ein SMART-kanal på TEAMS. Her er det meininga at alle kan legge ut litt av det arbeidet dei gjer med ungane, slik at vi alle kan lære av kvarandre. Hittil har det nok mest vore eg som har lagt ut, men etter kvart som folk blir varme i trøya håpar eg dei og vil leggje ut litt av det fine arbeidet dei gjer. På SMART-kanalen har eg til dømes filma leikar eg har gjort med klassa, og lagt dei ut slik at andre kan leike dei same leikane. Det er jo ikkje så enkelt med leikar no, som det var før smittevernet, så vi treng alle å lære noko nytt. Elevane lærte meg ein smittevernvenleg leik, og den ville dei gjerne lære vidare til dei andre tilsette på skulen, slik at fleire elevar kunne leike denne.