Hjem   /   BarnehageBloggNyheterSFOSkole   /   SMART start 2020

SMART start 2020

Vassenden skule i Sunnfjord kommune var en av mange som deltok på SMART start 2020. De vant 1. premien på kr. 3000,- som skulle gå til trivselstiltak for klassen. Her kan du lese om hvordan 7. trinn på Vassenden startet sitt skoleår:

Oppstarten av skuleåret 2020/2021, 7.trinn, Vassenden skule

I starten av skuleåret har vi prioritert å vere mykje på tur. Dette for å skape gode relasjonar mellom både elevar og vaksne. Målet med desse dagane var å styrke det sosiale, meir enn det faglege. Å bruke tid på styrke samhaldet, etter ein lang sommarferie og periode med «koronaskule», meiner vi er svært viktig. Er vi trygge på kvarandre, og kjenner kvarandre godt, er det lettare å samarbeide i klasserommet.

Allereie andre skuledag etter sommarferien, reiste heile klassen på sykkeltur. Vi sykla til eit grendahus ca. ei mil frå skulen. Der var vi ute heile dagen og hadde elevbestemte aktivitetar. Vi spelte slåball, bada ved ei brygge, samla småfisk med meir. Når vi er ute opplever vi at elevane snakkar lettare saman, og tek meir kontakt med dei som ein ikkje kjenner så godt.

Veka etter tok vi på oss eit dugnadsoppdrag. Vi hjelpte til med å rydde skog bak tunet til kunstnaren Nikolai Astrup (Museet Astruptunet). Vi sykla til saman 22 kilometer, og oppdraget tok oss ein heil dag. Å delta på eit slikt dugnadsarbeid gjer til at elevane forstår verdien av det, og blir kjend med korleis livet kunne vere for folk før i tida. Det var fysisk hardt arbeid i bratte fjellsider, slik gardslivet ofte var på Vestlandet. Dei fekk sjå kva ein kan få til med godt samarbeid, og oppleve korleis barn og vaksne arbeidde saman før i tida. Elevane fekk mykje skryt for godt arbeid, og fekk kjenne på gleda av å hjelpe andre.

Are Mangersnes, Wibeke Gjesdal Nesse og Hilde Johanne Schei, Vassenden skule.

Her kan du lese mer om SMART start 2021: